Se nye muligheter hver dag
Hos Brilleland Førde møter du ein variert kundebase – mange i progressiv-alder, men òg barne- og linsetimar. Ein god miks av nye og faste kundar som set pris på både fagkunnskap og personleg service.
Vil du bli ein del av eit entusiastisk og fagleg sterkt team – med spennande teknologiske nyvinningar og gode moglegheiter for utvikling? Vi søkjer ein dyktig og engasjert optikar som vil vere med på å gi kundane våre den beste synsopplevinga.
Om oss
Teamet består av sju erfarne salsmedarbeidarar med høg kompetanse innan optikk. Fleire assisterer teleoptikar under timane, og ein av våre tilsette er under utdanning som optometrimedhjelpar – noko som gir gode moglegheiter for fagleg sparring og deling av kunnskap.
Vi er ofte pilotbutikk for ny optisk teknologi og får høve til å teste ut moderne utstyr før mange andre – Hos oss er det forventa at du som optikar òg gjennomfører teletimar.
Vi tilbyr
Eit solid fagmiljø med mykje erfaringsdeling
Moglegheit til å ta eigarskap til fagleg utvikling og rettleiing av kollegaer
Moderne utstyr og oppdaterte arbeidsverktøy
Eit sterkt nasjonalt nettverk i Brilleland-familien
Eit inkluderande og sosialt arbeidsmiljø
Fagleg utvikling
Fleksibilitet, fagleg påfyll og rom for å vekse – enten du vil fordjupe deg i faget, bygge karriere eller gjere kundemøta litt betre kvar dag. Vi tilbyr minst tre heile dagar med fagkurs kvart år, tilgang til internasjonalt optikarnettverk og mentorordning for nyutdanna.
Klar for nye moglegheiter?
Tusen takk for at du vurderer å bli ein del av Brilleland! Vi behandlar søknader fortløpande og rår deg til å søkje så snart du kjenner at dette treff. Kanskje er det nettopp deg vi snart ønskjer velkomen – vi sjåast!
- Divisjon
- Brilleland
- Fagområde
- Optiker
- Rolle
- Optiker
- Steder
- Brilleland Førde
- Ansettelsestype
- Heltid
- Stillingsprosent
- 100