Vil du vere med å skape nye gode kundeopplevingar saman med oss?
Bli med oss i Førde og gi kundane våre den beste optiske omsorga. Dette er ein spennende muligheit til å bli ein del av eit team der din innsats verkelig blir verdsatt.
Vi søkjer ein person som er lærevillig og har lyst til å vere med på ei spennande reise innan teknologi og teleoptometri.
Stillinga er fast og på 60%, med muligheit til å jobbe meir ved sjukdom og ferieavvikling. Vakter på dagtid - 1 laurdag per mnd må likevel påreknast.
Du blir ein del av eit ungt og kunnskapsrikt team som set trivsel høgt og strekker seg langt for å finne gode løysingar for kundane. Vi tilbyr godt arbeidsmiljø, konkurransedyktig løn med bonus og gode moglegheiter for fagleg og personleg utvikling.
Hovudoppgåva di er å assistere optiker under synstest med forprøver og innleiande testar, hjelpe kundar med å finne rett innfatning og bestille glas, samt følgje opp kundar ved utlevering, justering og enkle reparasjonar. Du vil også bidra med sal, bestillingar og kundebehandling.
Full opplæring vil bli gitt. Vi tilbyr kurs slik at du kan halde deg oppdatert og utvikle ferdigheitane dine. Brilleland arrangerer fagdagar i løpet av året, som vi gjerne ser at du deltek på.
Vi ser etter deg som er fleksibel, løysingsorientert, god til å multitaske, trivst i ein hektisk kvardag, er ein lagspelar og snakkar og skriv norsk. Erfaring frå optikerbransjen, butikk eller helse er ein fordel, men ikkje eit krav.
Er du klar for neste steg?
Søknader blir vurderte fortløpande, og vi rår deg til å vere tidleg ute. Kanskje får vi gleda av å ønskje deg velkomen raskare enn du trur! Vi gleder oss til å høyre frå deg!
Oppstart etter avtale.
- Divisjon
- Brilleland
- Fagområde
- Salg & Butikk
- Rolle
- Salgsmedarbeider
- Steder
- Brilleland Førde
- Ansettelsestype
- Deltid
- Stillingsprosent
- 60